Komplett byggevarehus og solid leverandør av hus og hytter

I 60 år har Martin Lid Trelast forhandla trelast og byggevarer frå eigne lokale på Palmafossen i Voss herad. Gjennom desse åra har bransjen hatt ei rivande utvikling. Verksemda har tilpassa seg kundane sine forventningar om eit komplett byggevarehus, og å finna ein rådgjevar og partnar i prosessen fram mot eit nytt bustadhus eller hytte. Det er difor ikkje utan grunn Martin Lid Trelast AS er medlem i byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Hjå oss møter du positive tilsette med brei fagkunnskap. Me hjelper deg med gode råd, tips og rettleiing. Velkomen!

Byggtorget
  • 104 butikker i heile landet
  • ein betydeleg aktør i den norske byggevaremarknaden
  • gunstige innkjøp og gode tilbod på alt av byggevarer
  • varer og tenester frå anerkjente produsentar og importørar
  • omfattande og informativ heimeside
  • online byggplanleggjar
  • kjerneverdiane våre er å vera pålitelege, effektive og innovative

Les meir

Systemhus
  • bygd opp av erfarne og seriøse byggmeistrar frå heile landet gjennom 50 år
  • nesten 50 000 bustader sidan starten
  • tidsriktige husmodellar, smarte og friske heimar, kvalitet og ryddige prosessar
  • gjennomprøvd byggjekonsept som sikrar kvalitet og effektivite prosessar
  • samarbeid, utveksling av røynsler og eit godt teknisk hjelpeapparat
  • god informasjon og oversikt både før, under og mot slutten av byggjetida
  • trygge avtalar sikrar rett produkt til rett tid, til avtalt budsjett

Les meir

Instagram: